Gerd-Liv Valla. Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Gerd-Liv Valla. Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Gerd Liv Valla blir ny styreleiar i Fair Play Bygg Oslo og omegn

Fair Play Bygg Oslo og omegn har valt tidlegare LO-leiar Gerd Liv Valla til ny styreleiar i organisasjonen.

Valet blei gjennomført på årsmøte 20. mars.

Fair Play Bygg Oslo og omegn er eit samarbeid mellom arbeidsgivar- og arbeidstakarorganisasjonar i byggjenæringa som arbeider for å avdekke og motverke kriminalitet i arbeidslivet.

– Eg gler meg til å ta fatt på arbeidet. Arbeidslivet og den norske modellen er utfordra av kriminelle aktørar som undergrev den norske velferdsstaten, seier Gerd Liv Valla i ei pressemelding.

– Dei sakene Fair Play Bygg har vist fram den siste tida har rysta meg; grov utnytting av arbeidstakarar, bedrageri mot seriøse bedrifter og enorme tap for samfunnet gjennom konkurskriminalitet og skattekrim. No må vi ta eit krafttak for å verne om arbeidslivet. Fair Play Bygg er eit godt namn på ein organisasjon som arbeider for arbeidslivet. Namnet indikerer at det er fleire partar i arbeidslivet som tidvis har ulike interesser, men interessekonfliktane skal løysast etter klåre reglar. Dei som driv «unfair» får fordeler som går på kostnad av seriøse bedrifter og arbeidsforholda i usette bransjer, legg Valla til.

– Gerd Liv Valla blir ein solid leiar for Fair Play Bygg Oslo og omegn. Ho kjenner godt til arbeidslivet og to-partsamarbeidet, i tillegg har ho vore justisminister. Dette er eit godt val av styreleiar, seier Lars Mamen, dagleg leiar i Fair Play Bygg, via meldinga.

Fair Play Bygg Oslo og omegn sendte 247 varsel om arbeidslivskriminalitet til offentlege etatar i 2023.

– Saker med «lønstjuveri» er den største kategorien med 24 prosent av sakene, men det er element av lønstjuveri i opp mot 50 prosent av alle sakene, registrert i andre kategoriar som «grov utnytting» , «vald/trugsmål» og «menneskehandel/tvangsarbeid», skriv organisasjonen.