Illustrasjonsfoto

Seks løyve og seks avslag til småkraftverk i Sunnfjord

NVE gjev løyve til Anga, Bakkeelva, Ervikselva, Hundsåna, Stølselva og Vassbrekka kraftverk. Fossevika, Hellevang, Marka, Rørvika, Torvik og Øvre Redal kraftverk får avslag.

Prosjekta ligg i kommunane Askvoll, Førde og Naustdal i Sogn og Fjordane.

 Dei seks kraftverka som har fått løyve, vil produsere om lag 76 GWh i eit medels år, noko som svarar til straumbruken til om lag 3800 husstandar. Prosjekta som fekk avslag kunne samla gitt om lag 49 GWh/år.

Landskap, friluftsliv og naturmangfald har vore sentrale tema i NVE si vurdering av desse prosjekta. NVE har gjeve konsesjon til kraftverka som gjev minst konflikt med desse allmenne interessene, og som samstundes vil bidra til produksjon av fornybar energi.

NVE har sett vilkår til det enkelte prosjektet som har fått løyve for å redusere dei negative verknadane for allmenne interesser. Etter NVE si vurdering er det ikkje mogleg å gjera tilpassingar som vil bøte på dei negative verknadane for dei seks kraftverka som har fått avslag.