500 mill. til kirkebygg

Regjeringa gjer i statsbudsjettet for 2006 framlegg om nye 500 millionar kroner til opprusting av kyrkjebygg. I tillegg står ordninga framfor ei utviding.

Investeringsramma for opprusting av kyrkjebygg er i 2006 på 500 millionar kroner, og løyvinga er på 21 millionar kroner. Denne budsjettposten gir støtte til å setje i stand kyrkjebygg og til inventar og utsmykking i kyrkjene. Særleg prioritet er gitt til bygg som er freda eller verneverdige, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg. Kommunane og kyrkjeeigarane har teke særs godt imot den nye satsinga. Heile investeringsramma for 2005 var disponert den 1. september i år. Vi i regjeringa ser at satsinga i budsjettet for fjoråret har vore svært vellukka. Vi gjer derfor framlegg om å utvide ordninga til å omfatte alle bygningsmessige tiltak på kyrkjebygg, også nybygg og påbygg, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg. Om lag 80 prosent av prosjekta gjeld freda eller verneverdige kyrkjer. Dei tiltaka som flest søkjer støtte til, er reparasjon av golv, tak, vindauge og tårn, behandling av overflater og opprusting av dei elektriske anlegga.