Arbeids- og sosialminister Robert Eriksson.
Servicesenter for utanlandske arbeidstakarar (SUA) opna i Bergen
Arbeidstilsynet, politiet, Skatteetaten og Utlendingsdirektoratet (UDI) opna torsdag eit nytt Servicesenter for utanlandske arbeidstakarar og arbeidsgivarane deira. Senteret skal gjere det enklare og meir effektivt for brukarane.
Denne artikkelen er over fem år gammel
Arbeids- og sosialminister Robert Eriksson opna offisielt senteret i Bergen måndag 15. juni.
− Det var viktig å prioritere å få eit SUA i Bergen. Vi vil ha auka behov for arbeidskraft i tida framover. Samarbeidet er viktig for å førebyggje og avdekkje arbeidsmarknadskriminalitet, sa statsråd Eriksson under åpninga.
På servicesenteret vil utanlandske arbeidstakarar effektivt få ordna nødvendige registreringar og løyver frå alle etatane slik at dei raskare kjem seg i arbeid.
Utlendingar med tilbod om arbeid kan no mellom anna søkje om opphaldsløyve, skattekort og personnummer på ein stad. Senteret er òg viktig i den tverretatlege innsatsen for å førebyggje sosial dumping og arbeidsmarknadskriminalitet.
SUA er allereie etablert i Oslo, Stavanger og Kirkenes.
− Dette er ei forenkling for næringslivet og alle utanlandske arbeidstakarar i regionen. Her vil brukarane få ordna mange ting på eitt kontor og vil få god rettleiing og informasjon, seier Bjarte Jørgensen, leiar av SUA i Bergen.