Lars Mamen. Foto: Stefan Offergaard

Dugnad mot arbeidslivskrim i byggjenæringa

Problemet med kriminelle og useriøse aktørar i byggjebransjen er i ferd med å øydeleggje for dei som ønskjer å drive lovleg og seriøs verksemd.

Lars Mamen

Prosjektleiar i Fair Play Bygg Oslo og omegn

Lenge har mange i byggjebransjen vore frustrert over dette, og ofte har vi prata over kaffikoppen i brakka om kor ille det har blitt. Arbeidsfolk som blir lurt for løn, livsfarlege arbeidsforhold, folk som arbeider svart og utkonkurrerer seriøse bedrifter og manglande rekruttering til bransjen.

Dette kan ikkje halda fram. Lokale fagforeiningar og arbeidsgivarorganisasjonar i Oslo og Akershus har derfor gått saman for å reise økonomi til å starte opp Fair Play Bygg Oslo og omegn og tilsette ein prosjektleiar.

Namnet speler på idrettens kampanje mot doping. I namnet ligg det at vi anerkjenner at det er ein konkurranse mellom bedrifter om oppdrag, interessekonfliktar mellom arbeidslag og prosjektleiar om løn, akkord og arbeidsforhold eller motsetningar mellom byggherre og entreprenør når sluttoppgjeret skal gjerast opp tilleggsarbeidet skal betalast. Men denne konkurransen skjer etter eit gitt regelverk. Dersom nokon ikkje følgjer dette regelverket, med minsteløn, HMS, brakkeforhold eller momssvindel og svart arbeid blir det umogleg for seriøse å konkurrere.

Kort fortald er Fair Play Bygg Oslo og omegns mål å kjempe for ei seriøs byggjenæring med like konkurranse-vilkår, gjenopprete omdømmet og auke rekrutteringa til bransjen. Dette skal vi oppnå gjennom å avsløre og fjerne dei som øydelegg ryktet vårt, slik at bedrifter med faste tilsette, faglærte arbeidsfolk og lærlingar skal kunne konkurrere på like vilkår, og ikkje mot kriminelle aktørar.

Vi inviterer derfor til ein storstilt bransjedugnad for å samle inn tips om uønskte forhold og kriminell aktivitet i bransjen. Fair Play Bygg skal kvalitetssikre tipsa og sende dei vidare inn til A-krimsenteret og andre etatar.

Fair Play Bygg Oslo og omegn har vore operative sidan starten av januar 2019, og vi har sendt inn rundt 30 tips til ulike etatar. Nokre av tipsa dreier alvorlege saker; ein arbeidstakar er svindla for fleire hundre tusen kroner gjennom selskap som er oppretta i hans namn som andre har disponert. Andre arbeidstakarar får løn i kontant og ingen lønsslipp (svart), eller arbeidsgjevarar som ikkje innrapporterte løn, slik at arbeidstakaren ikkje fekk sjuketrygd når han vart sjukemeldt. Arbeidstakarar har vist fram bilete av livsfarleg arbeid i høgda der gardintrappa er stabla oppå rullestillaset og arbeidstakar må stå 10 meter over betonggolv utan sikring for å male himling og kan fortelje om svindel og svart arbeid. Ein arbeidstakar fortalte at han arbeidde 300 timar i månaden for å male leilegheiter i Oslo. Han fekk ingen lønsslipp eller overtidsgodtgjersle og arbeidsgivaren svindla med skattetrekket og betalte dette aldri inn.

Svart arbeid er også ofte av dårleg kvalitet. Fair Play Bygg Oslo og omegn har også fått fleire meldingar frå forbrukarar om dette. I eit tilfelle var det eit sameige som hadde engasjert useriøse handverkarar for utbetring av ein skade på bad og bjelkelag i ein bygard. Arbeidet kosta over 700 000 kroner og var så dårleg utført at leilegheita ikkje kan brukast. Blant anna var det fare for overledning på badet.

Eg meiner bestemt at det er mogleg å stanse kriminalitet og mafiatendensar i byggjebransjen, men då krevjast det at vi alle tar felles tak i dette. Underentreprenørar og bemanningsbyrå må rutinemessig sjekkast på løn, HMS, yrkesskadeforsikring, OTP og RKL. Tillitsvalte må gis reell innsynsrett og høve til å påverke prosessen ved innkjøp av bemanningstenester eller bortsetting av arbeid. Og ikkje minst har vi ei formidabel pedagogisk oppgåve for å få byggherrar (spesielt i privatmarknaden) til å endre haldningar og tenkje på meir enn prisen når dei skal kjøpe inn handverkstenester. Bedrifter som kan vise til seriøsitet ved godt handverk, faste tilsette og lærlingordning må prioriterast framfor prisdumping.