Auka kunnskap om passivhus i Noreg

Marknaden for passivhus aukar her til lands. Ein ny rapport syner at vi får stadig meir kunnskap om slike hus. Til no er det bygd eller planlagt meir enn 1000 bustader på passivhusnivå i Noreg.

Rapporten ”Systematisering av erfaringer med passivhus” er laga av Sintef Byggforsk på oppdrag frå Husbanken.

- Eg vil redusere energibruken i bygg betydeleg. Passivhus brukar særs lite energi til oppvarming. Difor er det bra at vi får meir kunnskap og erfaring med slike hus. Det seier statsråd Liv Signe Navarsete.

Rapporten frå Sintef Byggforsk gjev oversyn over ferdige og planlagde bustader på passivhusnivå i Noreg. Forskarane meiner passivhus kan vere meir driftssikre og robuste enn vanlege bustader. Energibruken i passivhus varierer. Men husa brukar gjennomgåande mindre energi enn vanlege bygg.

Studiar frå andre land syner at passivhus har betre inneklima. Dei har mindre mugg og radon. Dette heng tett saman med at dei nyttar balansert mekanisk ventilasjon. Passivhusa treng heller ikkje meir vedlikehald enn ordinære bygg.

- Det er framleis få ferdige passivhus i Noreg. Difor bør ein studere fleire prosjekt over lengre tid. Mellom anna er erfaringar med helse, inneklima og kostnader viktige tema for vidare forsking, seier Navarsete.

Les meir i rapporten