Fortettinga av busette i sentra held fram

Sentra i tettstader aukar, og det same gjer talet på busette siste året. Auken i busette skjer både fordi sentra aukar i omfang, men òg på grunn av fortetting.

Tilsette i dei same områda går noko ned, medan tilsette i heile landet aukar svakt, melder SSB.

Folk vel i stadig aukande grad å bu urbant. Det er òg eit politisk ønskje å nytte tettstadsarealet så godt som råd er for å minske presset på omkringliggande areal, og samstundes leggje til rette for å minimere transportmengda mellom bustad, arbeid og eit variert tenestetilbod.

Nedgang i tilsette
Det har vore ein auke i busettinga og i talet på arbeidsplassar i sentra dei seinare åra, men dei siste to åra har talet på tilsette gått noko attende. Det er om lag dobbelt så mange tilsette som busette i sentra. Endringar i rutinane for stadfesting av verksemder gjer siste års endringar usikre for nokre kommunar.

Det bur om lag 3 900 innbyggarar pr km2i sentra, og dette er ein auke på 2 prosent siste året.

Dei siste fem åra har auken vore 15 prosent for heile perioden, medan tettleiken av tilsette har auka med 2 prosent.

Det har vorte 6 prosent fleire busette i heile landet dei siste fem åra, samstundes har det vore ein auke på 25 prosent i sentra. Auken har vore enda større for borna i førskulealder, 34 prosent, medan born og unge i skulealder har hatt ein noko mindre vekst i sentra i perioden, med 17 prosent.

Tettare i dei store tettstadene
Det er fleire tilsette enn busette per km2 for alle storleiksklassar. Tettleiken av både busette og tilsette i sentrumssoner aukar med storleiken på tettstadene. I storbyane er det nær 6 gonger så mange tilsette og busette per km2 som i bygdesentra. Berre sentra i dei aller største tettstadene har hatt vekst i både areal, busette og tilsette frå 2006 til 2011. Tettleiken av busette har auka i alle tettstadklassene, medan tettleiken av tilsette berre har auka i tettstader med mellom 20 000 og 100 000 busette.

Det er ikkje gitt at gruppene inneheld dei same tettstadene frå år til år. Etter kvart som tettstadene veks, kjem dei over i andre grupper. Fredrikstad/Sarpsborg og Drammen har til dømes kome med i gruppa med minst 100 000 busette denne gongen.