Nedgang i dieselprisen

Lastebilkostnadene gjekk i snitt ned med 1,1 prosent frå februar til mars 2009. Dei viktigaste årsakene er nedgang i prisen på diesel og lågare kapitalkostnader. Dei siste tolv månadene har totalkostnadene stige 0,6 prosent.

Prisutviklinga på diesel førte til at drivstoffindeksen gjekk ned med 4,4 prosent den siste månaden. Det siste året har denne delindeksen falle 18,2 prosent.

Drivstoffindeksen er basert på faktiske pumpeprisar innhenta frå forhandlarar over heile landet kvar månad. Sjølv om det kan vere avvik i enkelte månader, viser samanlikningar at utviklinga i pumpeprisane over tid er svært lik utviklinga i prisane på dieselavtalene til dei store drivstoffleverandørane.

Lågare kapitalkostnader
Kapitalkostnadsindeksen fall 1,7 prosent frå februar til mars 2009. Dette kjem som følgje av ein nedgang i det inflasjonsjusterte rentenivået som ligg til grunn for rentekostnaden i denne indeksen. Det siste året har denne indeksen, som er samansett av avskrivingar, rentekostnader og vektårsavgifter/årsavgift, gått ned med 3,6 prosent.

Prisstigning på dekk
Dekkindeksen gjekk opp med 1,1 prosent den siste månaden etter prisjusteringar hos nokre leverandørar. Frå mars 2008 til mars 2009 har denne delindeksen auka med 11,4 prosent.

Svak auke i administrasjonskostnadene
Administrasjonskostnadene auka med 0,1 prosent den siste månaden. Det siste året har denne delindeksen gått opp 3,4 prosent.