Ketil Solvik-Olsen

Fem kilometer riksveg i rassikra i Rogaland

Statens vegvesen har sidan februar 2011 jobba med å rassikre riksvegen langsmed Tysdalsvatnet i Strand kommune i Rogaland. Fredag 29. november opnar samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) den nye vegen.

Fem kilometer av vegen går nå i tunnel mellom Vatne og Melkeråna. Markeringa skal føregå ved tunnelopninga på Vatne.