I 2023 vil regjeringa gi tilskot til 1.650 nye studentbustader. Foto: Jon Olav Nesvold / NTB
I 2023 vil regjeringa gi tilskot til 1.650 nye studentbustader. Foto: Jon Olav Nesvold / NTB

Vil få opp tempoet på bygging av studenthyblar og auke studiestøtta

For å få fart på studentbustadbygginga, vil regjeringa auke ramma for kor mykje ein hybel kan koste å bygge. I tillegg foreslår regjeringa å bruke 85 millionar kroner ekstra på å justere studiestøtta.

– Husleige er den klart største budsjettposten for dei fleste studentar, og fleire gode og billige hyblar er det som vil monne mest i lommebøkene deira. Eg tek for gitt at samskipnadene no får opp tempoet og som eit minimum bygger så mange studentbustader som Stortinget har løyva pengar til. Eg ser heller ingen grunn til at husleiga skal gå opp, samskipnadane har høg eigenkapital og tener gode pengar på studentbustader. Saman med justeringa vi no gjer i studiestøtta, er dette gode grep for å betre studentøkonomien, seier forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe i ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet.

Aukar kostnadsramma for å få opp byggetempoet
I 2023 vil regjeringa gi tilskot til 1.650 nye studentbustader.

Dei siste åra er det blitt søkt om og bygd langt færre nye bustader enn Stortinget har løyvd midlar til. Studentsamskipnadane peiker på auka byggekostnadar blant årsakene til at dei ikkje klarer å bygge innanfor dei gjeldande kostnadsrammene.

I dag er ramma per hybeleining på 1.011.900 kroner i pressområda og 955.700 kroner i resten av landet. No aukar regjeringa ramma til 1.450.000 kroner per hybel i heile landet, og justerer satsane for tilskot etter forventa prisvekst.

I tillegg blir det slik at byggeprosjekt heretter må halde seg innanfor den prisjusterte kostnadsramma som gjeld når bygget står ferdig, i motsetning til i dag, der det er ramma frå året dei fekk tilskotet som gjeld. Det gir meir fleksibilitet for utbyggjarane. Det er framleis ein føresetnad at prosjekta er satt i gang innan fire år etter at dei fekk tilskot.

141,5 millionar til energieffektive studentbustader
Regjeringa vil òg bruke 141,5 mill. kroner til ein tilskotsordning for energitiltak i studentbustader.

– Når vi bygger nye studentbustader eller bygger om gamle, må vi sikre at dei er mest mogleg energieffektive. Det er bra for økonomien og det er bra for miljøet, seier Borten Moe.

Auka utdanningsstøtte
Studiestøtta blir justert kvart år etter forventa vekst i priser på varer og tenester (KPI). Til vanleg er ikkje dette eit problem, men no aukar prisane på eit lite føreseieleg vis. Derfor foreslår regjeringa å auke utdanningsstøtta med 85,3 mill. kroner i 2023 for å treffe betre på prisveksten.

– No endrar vi metode for å berekne prisvekst for neste studieår. Dette betyr at vi aukar basislånet med 3.600 kroner neste år for alle studentar. Det gjer at støtta blir om lag 1.500 kroner høgare enn om vi hadde lagt det tidlegare anslaget til grunn. Eg nøgd med å bidra til at studentane får noko høgare kjøpekraft, seier Borten Moe.

41 millionar meir til å slette studiegjeld i Troms og Finnmark
Personar som bur og jobbar i Finnmark og Nord-Troms, kan få sletta gjeld i Lånekassen. No vil regjeringa bruke meir pengar på denne ordninga, og legg 41,1 millionar kroner ekstra i potten. Pengane skal gå til å auke satsen frå 10 til 20 prosent av studielånet, og frå 25 000 kroner til 30 000 kroner som maksimalt årleg beløp. Beløpa i ordninga har stått stille sidan 2005, og det betyr at den reelle verdien av gjeldsslettinga har blitt redusert over tid.

– Regjeringa vil sikre utvikling og nok folk med rett kompetanse i heile Noreg. I årets budsjett satsar vi særleg på å gjere det meir attraktivt å bu og jobbe i Nord-Troms og Finnmark for barnefamiliar og folk med høg utdanning og studielån. Derfor styrkar vi no ordninga med å slette studiegjeld for dei som bur og arbeider i regionen. Det er på høg tid at vi aukar beløpa, slik at fleire i endå større grad kan dra nytte av ordninga, seier Borten Moe.