Tilrår løyve til bygging av Småvoll kraftverk

NVE rår Olje- og energidepartementet å gje Småvoll kraftverk AS løyve til å bygge og drifte Småvoll kraftverk i elva Erga i Sunndal kommune, Møre og Romsdal.

Denne artikkelen er over ti år gammel.

NVE tilrår ikkje overføringa av Kråka til Kråkbekken. Kraftverket vil, med dei avbøtande tiltaka som er tilrådd, gje ein årleg produksjon på om lag 33 GWh. Det svarar til straumbruken til om lag 1650 husstandar.Småvoll kraftverk AS, som er eigd av Sunndal Energi KF, TrønderEnergi AS og to grunneigarar, har søkt om løyve til bygging av Småvoll kraftverk i Sunndal kommune. Planane har gått ut på å overføre vatnet frå Kråka via Kråkbekken til hovudinntaket i Erga. Herfrå skal vatnet førast i tunnel ned til Småvoll kraftverk i Sunndalen. Etter dei framlagde planane ville kraftverket gje ein årleg produksjon på rundt 40 GWh.

Av omsyn til naturverdiane i Ergas bekkekløft, landskapsinteresser og friluftsliv er det ikkje gjeve løyve til å overføre Kråka. NVE vurderer det som positivt for opplevinga av Volladalen dersom dei planlagde inngrepa vert flytta ut i randsona av Trollheimen landskapsvernområde.

Av omsyn til biologisk mangfald og landskapsinteresser tilrår NVE ei minstevassføring på 250 liter i sekundet frå 1. mai til 30. september, og 50 liter i sekundet resten av året.

Utan overføring av Kråka og med minstevassføring heile året vil kraftverket gje ein årleg produksjon på om lag 33 GWh.

NVE vurderar utbygginga til å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser samstundes som det vil gje ei viss auke i årleg kraftproduksjon og eit bidrag til lokal verdiskaping. NVE anbefalar derfor at det gis løyve til bygging av Småvoll kraftverk.

Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare sakshandsaminga.
Meir om løyvet på www.nve.no/konsesjonsnyheter

Powered by Labrador CMS