Ill. Helse Møre og Romsdal
Ill. Helse Møre og Romsdal

Signerte stor byggkontrakt for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal

Tysdag signerte Helse Møre og Romsdal kontrakt med Åsen & Øvrelid AS om bygging av nytt psykiatri- og habiliteringsbygg for SNR.

– Det var stor interesse i marknaden knytt til entreprisen som har ein kontraktverdi på om lag 350 mill. kroner inkludert meirverdiavgift, skriv Helse Møre og Romsdal i ei pressemelding tysdag ettermiddag.

– Vi er særs nøgd med konkurransen kor vi fekk inn fleire gode tilbod frå solide entreprenørar. Åsen & Øvrelid AS har vist stor interesse for oppdrag i SNR-prosjektet og i denne konkurransen leverte dei det beste tilbodet samla sett. Vi er glad for å kunne ønskje dei velkomen inn i prosjektet og ser fram til samarbeidet, seier Heidi Nilsen, leiar av prosjektstyret for SNR, i meldinga.

Totalentreprisen inneber bygging av psykiatri- og habiliteringsbygget med ein storleik på om lag 7.700 kvadratmter.

Helseforetaket peikar på at Åsen & Øvrelid, som har hovudkontor i Førde, har erfaring som totalentreprenør for fleire helse- og omsorgsbygg og ferdigstilte nyleg eit nytt sjukehusbygg for psykisk helsevern for Helse Førde. I 2021 kjøpte dei Røberg AS i Molde som i år endra namn til Åsen & Øvrelid Røberg AS.

– Vi er godt nøgd med å vinne denne kontrakten som er vesentleg for vår vidare satsing i Møre og Romsdal. Vi har med oss nyttig kompetanse og erfaring frå realiseringa av psykisk helsevernbygget for Helse Førde. Samstundes vil vi nytte lokal arbeidskraft gjennom Åsen & Øvrelid Røberg som får hovudansvaret for produksjonen på byggeplassen, seier Finn Ove Øen, dagleg leiar i Åsen & Øvrelid, i meldinga.

Finn Ove Øen
Finn Ove Øen

Etter ein samhandlings- og prosjekteringsfase er planen å starte opp med fysisk arbeid på byggeplassen på Hjelset før sommaren 2022. Helse Møre og Romsdal har satt som mål å sikre tidleg innflytting og ibruktaking av psykiatri- og habiliteringsbygget seinhausten 2024.

Signeringa av kontrakten med Åsen & Øvrelid er den 20. kontrakten som HMR inngår etter at ny gjennomføringsstrategi blei vedteke.

– Med det er 90 prosent av entreprenørvolumet kontrahert for bygginga av akuttsjukhuset og det står att tre konkurransar knytt til rigg og drift, sanitær, varme- og kjøleanlegg, samt helikopterlandingsplass, heiter det i meldinga.