Målaren under brua på Evanger en den første i sitt slag i Norge. Den måler vasstand, farten på vatnet, lufttemperatur og nedbør. Foto: Leif Johnny Bogetveit, NVE

Nytt verktøy varslar flaumfare på Vossebanen

Når vatnet stig raskt i elva Merkesgrovi i Voss kommune, kan Bane NORs beredskapsvakt få varsel på sms. Eit samarbeid med NVE gjev ny kunnskap om flaumfare.

Store delar av Vossebanen går langs elvar og vatn i ein over 100 år gammal trasé, ofte med få meters klaring frå vatnet opp til sporet. Flaum har vore eit kjend problem i alle år, som i 2014 då banen var stengd i over seks døgn. I sommar kom eit nytt verktøy på plass ved Evanger stasjon vest for Voss.

Bane NOR og Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) står bak ein ny vassføringsmålar som er plassert i sideelva Merkesgrovi.

- Frå før har me ein vêrstasjon her som måler nedbør. No får me også målt vatnet etter at det er kome i elva, forklarar senioringeniør Ole Erik Almenningen i Bane NOR til banenor.no.

Bane NOR har til saman 16 000 stikkrenner som skal leie vatnet trygt under jernbanen. Små sideelver og bekkar kan skape problem dersom vassmengda aukar så raskt at stikkrennene ikkje klarar å ta unna, og fyllingane under sporet vert vaska ut.

Målaren som no er sett opp på Evanger, er den første i sitt slag her til lands. Den fungerer som ein radar og måler både kor djup elva er og farten på vatnet.

- Målet vårt er å observere vassføring i sanntid og publisere data på nettet kvar time. Målingane vil vere representative for eit nesten 5 kilometer langt felt og kjem difor til nytte i ulike samanhengar, påpeikar felthydrolog Leif Johnny Bogetveit i NVE.