Granvin barnehage i Voss herad. Illustrasjon: HLM Arkitektur
Granvin barnehage i Voss herad. Illustrasjon: HLM Arkitektur

Fuglafjell bygger ny barnehage i Granvin

Fuglafjell er av Voss herad tildelt oppdraget med bygging av ny barnehage i Granvin. Kontraktsverdien er på i overkant av 50 millionar kroner.

Publisert Sist oppdatert

Tilbodet er gitt gjennom nært samarbeid mellom bedriftene bak Fuglafjell: Johs Øvsthus, Tecno VVS og H2 Hardanger, heiter det i ei pressemelding.

Tildelinga har ein karensfrist med utløp 10. juni. Etter dette vil det vere rask oppstart med prosjektering og planlegging. Ferdigstilling er hausten 2025.

– Konkurransen om oppdraga er tøff, og me er veldig godt nøgde med at vårt alternativ er vurdert som det beste. Dette er det andre prosjektet på kort tid som er tildelt Fuglafjell av Voss herad. I april vart Tvildemoen hovudbrannstasjon tildelt oss, og dette prosjektet er no i oppstartsfasen, heiter det i meldinga.

Fuglafjell skriv vidare at dei ser fram mot ein periode med høgt aktivitetsnivå i Voss herad, som også vil bidra til god sysselsetjing av mange lokale arbeidsplassar gjennom lokale samarbeidsfirma og underentreprenørar.

Barnehagen vil ligge sentrumsnært i Granvin, og det er lagt vekt på god tilknytning og sambruksfunksjonar med bygdetunet som er næraste nabo til prosjektet. Bruttoarealet er på om lag 1.000 kvadratmeter, og det er dimensjonert for totalt 84 barnehageplassar.

Prosjektet er teikna og utforma av HLM Arkitektur på Voss, ved arkitekt Svein Øvsthus. Selskapet vil også inngå i Fuglafjell sin prosjektorganisasjon for gjennomføring.

Powered by Labrador CMS