På Stord blei det halde informasjonsmøte om prosjektet den 21. oktober.Her deltok 8 firma. Det var god interesse og dei som ikkje kunne møte opp ga beskjed til prosjektgruppa om at dei ville likevel gje tilbod.

Vegvesenet satsar på samarbeidsmodell i tunnelprosjekt på Vestlandet

No er konkurransen for prosjektet fv. 500 mellom Austrepollen og Årsnes lyst ut.

Publisert Sist oppdatert

Arbeidet går ut på bygging av tunnel på 1.500 meter frå Kroka til Sunndal i Kvinnherad kommune. I tillegg skal ein del punkt på strekninga utbetrast.

- No har vi halde informasjonsmøte for entreprenørar på Stord og interessa var god. Vi har inntrykk av at det er etterlengta at det kjem ut arbeid i desse urolege tider der vi opplev at det har vore både trekt tilbake og avlyst konkurransar, seier Kathrine Løno Lahlum som er prosjektleiar for Kvinnheradpakken i Statens vegvesen i ei pressemelding.

Det blir tilbodskonferanse i Sunndal fredag 15.november og innleveringsfrist for prekvalifiseringa er satt til 4.desember kl. 12.00.

Prosjektleiaren har stor tru på å senda ut innstillinga av dei prekvalifiserte i god tid før jul, og at dei skal få starta konkurranseprega dialog i januar.

Meir dialog og samspel

Statens vegvesen ønskjer å bruke ny samarbeidsmodell med aktuelle entreprenørar for det aktuelle prosjektet.

- Denne gongen skal vi bruke ein ny form for på både anbod og kontrakt som vil seie meir dialog og samspel mellom byggherre og entreprenør. På denne måten meiner eg at entreprenør vil få større moglegheit til å påverke løysingar av oppdraget og dermed levere mykje betre på sjølve gjennomføringa, seier prosjektleiar Kathrine Løno Lahlum i meldinga.

- Ønsket er å involvere entreprenør på eit tidlegare tidspunkt for å nytte partanes samla kompetanse til å finne gode løysingar og eit betre sluttprodukt. Eit moglegheitsområdet er korleis ein kan dra nytte av tunnelmassane til å utbetre enkelte andre parti på vegen mellom Austrepollen og Årsnes, seier ho.

Finne løysingar saman

Valet at entreprenør skal gjerast på basis av pris, prosjektorganisering og prosjektgjennomføring.

Sjølve prosessen med anskaffinga skal gjennom to fasar.

I første fase skal prosjektgruppa velje ut tre- til fire kvalifiserte leverandørar.

Desse blir invitert til å levere tilbod. I andre fase blir dei invitert til å delta i konkurranseprega dialog.

Powered by Labrador CMS