Høgskulepark for mange i Førde

Ein gong var det eit usjarmerande område med parkeringsplassar som ikkje blei brukte. I dag er Høgskoleparken ved Høgskulen i Sogn og Fjordane ein flott park som blir brukt av så vel studentar som lokalbefolkninga.

Prosjekteringa starta hausten 2008, og prosjektet blei ein del av tiltakspakken frå regjeringa. Hovudarbeidet blei ferdigstilt i november i fjor, og såinga og plantinga blei gjorde i vår. Derfor var Høgskuleparken fin og grøn ved den offisielle opninga i august.

Hovudelementa i parken er sandvolleyballbanen, grillplassen og stigen langs elva. I tillegg har badekulpen ved elva blitt rydda fram på ny. Det var tradisjonelt ein stad for bading før vegetasjonen overtok elvekantane.

– Stigen langs elvekanten er òg eit sikringstiltak. For nokre år sidan begynte elva sakte, men sikkert å ete seg inn i elvebreidda mot ein av skolebygningane. Dette kunne blitt eit alvorleg problem ved høg vassføring, derfor har vi sikra det, fortel overarkitekt Alda Christensen i Statsbygg.

– Tanken med stigen er i tillegg å knyte høgskulen nærmare til sentrum, og det er lov å håpe at gangstigen vår blir vidareført og kopla saman med elvestigen i sentrum, påpeiker Christensen.

Ideen om ein høgskulepark kom frå Statsbygg.

– Både høgskulen og kommunen var positive til forslaget. Parken gjer skulen meir synleg, og både sandvolleyballbanen og grillplassen gjer det lettare for studentane å ta utomhusareala i bruk. Det at andre òg går tur her, gjer staden meir levande, om kvelden og i helgane òg, seier initiativtakar Christensen.

Landskapsarkitekt har vore Kari Johanne Flataker frå Ålesund; Røyseth Maskin AS frå Naustdal fekk entrepriseoppdraget. Sluttprisen blei 4,9 millionar kroner.