Tussa Nett får løyve til å rive ein 66 kV kraftleidning

NVE har gjeve Tussa Nett løyve til å rive ein omlag 32 kilometer luftleidning mellom Haugen og Leivdal og Straumshamn transformatorstasjon.

Rivinga av luftleidninga, som mellom anna krysser Austefjorden i eit fjordspenn, vil gje miljømessige fordelar og vil ikkje vere til hinder for utbygging av planlagt småkraft.

Anlegga ligg i Ørsta, Volda og Eid kommunar i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane fylke.

NVE meiner det er riktig at netteigarar tek initiativ til å få vurdert om det er hensiktsmessig å rive eksisterande nettanlegg. I ei tid der det vert planlagt ei rekke nye kraftleidningar, er det viktig å sjå på verdien av gamle leidningar og vurdere om noko kan rivast. Leidninga mellom Leivdal og Haugen har ingen vesentleg verdi for alminneleg forsyning. Samstundes vil riving av anlegga gjere ei framtidig omstrukturering av nettet mogleg. Anlegga krever omfattande reinvesteringar for fortsatt å kunne være i drift. NVE meiner derfor at det er riktig å rive anlegga no.

NVE er positiv til at det vert planlagt meir kraftproduksjon i ein region med tidvis pressa kraftforsyning. Riving av eksisterande anlegg vil ikkje vere til hinder for utbygging av planlagt småkraft. Ut frå eit samfunnsmessig synspunkt meiner NVE det er betre å utvikle andre nettløysingar enn ei total rehabilitering av eksisterande 66 kV-anlegg dersom ein skal byggja meir småkraft i området.