Løyve til å bygge Urke kraftverk

Noregs vassdrags- og energidirektorat gjev Tussa Energi AS løyve til å bygge Urke kraftverk i Urkeelva i Ørsta kommune, Møre og Romsdal. Kraftverket er planlagt som eit elvekraftverk med ein årleg produksjon på om lag 35 GWh som tilsvarar forbruket til 1750 husstandar.

Utbygginga vil fråføre vatn på ei om lag 3,4 km lang elvestrekning og utnytte ei fallhøgde på 355 m frå 380 moh. På dei nedre 2,3 km vil avrenninga frå Litledalselva syte for at Urkeelva etter utbygginga opprettheld om lag halvparten av naturleg vassføring. Av omsyn til friluftsinteressene og naturmiljø er det gjeve løyve mellom anna på vilkår av at det vert sleppt ei minstevassføring på 230 l/s om sommaren og 130 l/s om vinteren. Nye inngrep vil i hovudsak omfatte inntaksdam/-basseng, rørgate og kraftstasjonsområde. NVE vurderer utbygginga saman med dei avbøtande tiltaka til å vere akseptabel i høve til allmenne interesser.