Illustrasjonsfoto

Risa skal bygge Karmsundgata

På vegne av Rogaland fylkeskommune tildelte Statens vegvesen torsdag Risa AS jobben med å utvide Karmsundgata. Kontrakten er ein totalentreprise, og har ein verdi på 385 millionar kroner.

Strekninga som Risa AS skal bygge går frå Opelkrysset (Haukelivegen) og 1300 meter mot sentrum, til Storasundgata.

Oppdraget er å utvide Karmsundgata mellom Storasundgata og Opelkrysset i Haugesund frå to til fire felt. Tre gangbruer, undergang, nye lys, støyskjermar med meir er også oppgåver som ligg i kontrakten.

- Dette er ein totalentreprise. Det betyr at entreprenøren både prosjekterer og bygger, fortel prosjektleiar i Statens vegvesen, Einar Færaas til vegvesen.no.

Sykkelveg på begge sider

- Vi skal bygge fortau med sykkelveg på begge sider av gata, og tre bruer for dei som går og syklar. I kontrakten ligg også 760 meter med støyskjermar, nye busshaldeplassar, veglys og forsterka lys i undergangen, seier Færaas.

Samarbeid med kabeletatar

Samtidig med arbeidet for å bygge ny veg i Karmsundgata nyttar Haugesund kommune høvet og fornyar vatn- og avløpssystema sine på strekninga. Haugaland kraft legg nye strømkablar.

Arbeidet med prosjekteringa startar i sommar, og alt skal vere ferdig sommaren 2021.