70 millionar kubikkmeter kan rase ut

Dei ustabile fjellpartia i Åkerneset i Stranda på Sunnmøre kan vere dobbelt så store som ein har trudd til no. Det seier prosjektleiar for arbeidet i Åkerneset, Kjell Jogerud til NRK.no.

Førebelse målingar viser at så mykje som 70 millionar kubikkmeter masse kan rase ut i fjorden. Det er det same som omlag 1000 bygningar som er like store som fylkeshuset i Molde, eller 2000 rådhus i Ålesund. Tidlegare har ein trudd at 30-45 millionar kubikkmeter kunne rase ut. Jogerud seier dette kan tyde på at konsekvensane av eit ras kan bli større enn ein først trudde.