Kraftig nedgang i arbeidsløysa

Nedgangen i arbeidsløysa har forsterka seg den siste månaden. Summen av heilt arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar viser ein nedgang på 3.400 frå førre månad, korrigert for vanlege sesongmessige svingingar.

Også talet på ledige stillingar har auka sterkt dei siste månadene. I løpet av november registrerte Aetat 24.700 nye stillingar, ein auke på 47 prosent i høve til same tid i fjor. Arbeidsløysa har hittil i år gått jamt ned frå månad til månad. I november har nedgangen forsterka seg vesentleg, og auken i talet på ledige stillingar vitnar om at vi kan venta at arbeidsløysa vil gå ytterlegare ned i løpet av dei komande månadene, seier arbeidsdirektør Yngvar Åsholt. Ved utgangen av november er det registrert 72.300 heilt arbeidslause, noko som svarer til 3,0 prosent av arbeidsstyrken. Samanlikna med november i fjor er dette ein nedgang på 11.300 personar. Arbeidsløysa går ned i alle yrkesgrupper, men den sterkaste nedgangen dei siste månadene har kome innafor dei typisk konjunkturutsette yrke som industriarbeid, bygg- og anleggsarbeid og innafor naturvitskaplege yrke som ingeniørar og sivilingeniørar. Det er også innafor desse yrkesgruppene at talet på ledige stillingar aukar mest. Det er no 2.800 færre arbeidslause med industribakgrunn enn same tid i fjor, samstundes som det er registrert 2.600 fleire ledige stillingar i industrien i november i år samanlikna med november i fjor. Arbeidsløysa går særleg ned blant støyparar, sveisarar og platearbeidarar. Ved utgangen av november er det flest arbeidslause med bakgrunn frå servicearbeid (4,4%), ei yrkesgruppe som omfattar mellom anna reinhaldsarbeid og hotell- og restaurantarbeid, samt innafor handelsarbeid (3,8%). Færrast arbeidslause finn vi innafor undervisningsarbeid der no berre 1,2 prosent av arbeidsstyrken er heilt arbeidslause. Arbeidsløysa er lågast i Sogn og Fjordane (2,0%) og i Oppland (2,2%), medan det er flest arbeidslause i Finnmark(4,9%) og Oslo (4,0%). Dei siste månadene har arbeidsløysa gått ned i dei fleste fylke, men nedgangen har vore sterkast i Rogaland og Møre og Romsdal. Dette heng saman med nedgang i industriarbeidsløysa i desse fylka. Ved utgangen av månaden var det registrert 12.500 deltakarar i ordinære arbeidsmarknadstiltak. Dette er 6.900 færre enn same tid i fjor, ein nedgang på 36 prosent i perioden.