Illustrasjon Langenuen: Vianova og Baezeni.

Vegvesenet: Brukasse i aluminium kan være eit konkurransedyktig alternativ til stål

Eit utviklingsprosjekt i regi av Statens vegvesen viser at ei brukasse i aluminium kan redusere kostnadane ved brubygging.

- Vegvesenet har gjennomført eit utviklingsprosjekt for bru over Langenuen på strekninga E39 Stord-Os for å finne potensial for kostnadsreduksjonar, seier Daniel Tran, risikoingeniør i Statens vegvesen, i ein pressemelding.

Brua over Langenuen mellom Stord og Tysnes er kostnadsrekna til om lag fem milliardar inkludert meirverdiavgift, usikkerheit og byggherrekostnader. Det er planlagt firefelts motorveg og 110 km/t på strekninga. Hovudspennet til hengebrua er om lag 1200 meter. Ei brukasse i aluminium kan redusere kostnadane med anslagsvis 14 millionar kroner.

Aluminium kan innehalde opp mot 70 prosent resirkulert materiale

-Aluminium har ein rekke fordelar. Ei aluminiumsbru korroderer ikkje fordi oksidbelegget til aluminium beskyttar mot korrosjon. Maling er difor ikkje naudsynt. Aluminiumen i brua kan innehalde opp mot 70 prosent resirkulert materiale, derfor er aluminium både eit klimavennleg og kostnadsreduserande materialval, poengterer Tran.

Gode moglegheiter for norsk næringsliv

-At det er mogleg å kunne byggje brukasse i aluminium påverkar marknaden, og vil gje auka konkurranse. Dette kan føre til at kostnader for bygginga vert lågare, seier Tran.

- Å velgje aluminium gjev moglegheiter for norsk nærlingsliv sidan verfta her til lands har svært høg kompetanse på bygging av aluminium, men gode produsentar finst også i utlandet. Sidan vi tidlegare har utført ein konseptstudie med konvensjonell brukasse i stål, har det vore eit godt samanlikningsgrunnlag for å sjekke om aluminiumsalternativet kunne vere konkurransedyktig, forklarar han.

Tran seier at forskinga viser at det er mogleg å bygge brukassen med stor grad av lokalt innhald ved aluminiumsverkstader i nærleiken av brukryssingslokasjonen. I tillegg blir det foreslått å etablere ein samlebandfabrikk som til fulle kan utnytte effektiviteten frå automatiske sveise- og byggjeteknikkar, skriv Statens vegvesen i pressemeldinga.

Utviklingsprosjektet

Utviklingsprosjektet i regi av Statens vegvesen er eit samarbeid mellom Dr. techn. Olav Olsen, Hydro, Leirvik AS, NTNU og SINTEF. Dr. techn. Olav Olsen har leia utviklingsprosjektet. Designforslaga i tidlegfasen har vore gjenstand for gjennomgang og uavhengige analysar av DNV GL, som har hatt rolla som verifikatør, melder Statens vegvesen.