Utbyggingsprosjektet ved Ålesund sjukehus er lyst ut
Helse Møre og Romsdal har no lyst ut konkurransegrunnlaget for utbygginga ved Ålesund sjukehus som omfattar både nybygg og ombygging av nærare 9.000 kvadratmter.
– Styret i helseforetaket har vedtatt ei samhandlingskontrakt kor målet er at byggherre, prosjekterande og entreprenør saman skal finne dei beste løysingane for Ålesund sjukehus (AIO), heiter det i ei pressemelding.
«AIO-prosjektet» ved Ålesund sjukehus omfattar nybygg og rehabilitering for akuttmottak, intensiv og operasjon. I tillegg kjem nytt kardiologisk senter, PET/SPECT-senter og poliklinikk.
Det totale AIO-prosjektet består av cirka 4.000 kvadratmeter nybygg, og 5.000 kvadratmeter ombygging av eksisterande lokale, og har ei kostnadsramme (P50) på 965 millioner kroner (desember 2021-kroner). Kostnadsramma inkluderer også ny hovudinngang og ny adkomst som blir lyst ut som eigne entreprisar. Første fase av prosjektet vil vere ein del av forprosjektet til AIO, står det i meldingen.
– Vi har valgt å gjennomføre prosjektet som ein totalentreprise med integrert samhandling. Tilbakemeldingane frå markedsdialogen var at samspillskontrakt var klart mest attraktivt, og vi er einige med markedet i at dette er ein god modell for AIO. I samspill kan vi utnytte kompetansa til alle aktørane; Sykehusbygg, helseforetaket, entreprenør og rådgivar, seier prosjektsjef Jan Gunnar Sølberg i Sykehusbygg, som leiar prosjektet for Helse Møre og Romsdal, i meldinga.
Sølberg fortel vidare at AIO er eit prosjekt med delvis høg grad av kompleksitet, og denne risikoen tek ein vare på best i fellesskap.
– Saman vil vi finne gode løysingar, jobbe systematisk med å redusere kommersiell risiko både for entreprenør og byggherre, og bli enige om pris for gjennomføring før vi inngår endeleg kontrakt, legg han til .
– Vi trur at det vil kome mange store rehabiliteringsprosjekt for sjukehus framover. Økonomiske hensyn og miljøhensyn gjer at sjukehusa ofte vil velge rehabilitering og tilbygg framfor nybygg. Kompetanse på ombygging av sjukehus er ettertrakta i dag, og vil vere endå meir ettertrakta i framtida, meiner prosjektsjef Sølberg.
Han opplyser også at dei har ein ambisjon om at AIO skal være et forbildeprosjekt for andre store prosjekt som kombinerer ombygg med nybygg.