Første spadetak med spade som viser Ålesund, Sula og Giske sitt tette forhold når det gjeld drikkevatn. F.v., Birgitte Valderhaug, senioringeniør Sula kommune, Eva Vinje Aurdal, ordførar i Ålesund og Hans Olav Naas, einingsleiar teknisk Giske.Arve Olav Bang, verksemdsleiar vatn og avløp i Ålesund kommune, takkar Roger Hoftseth med diplom og vasskaraffel. Bak f.v.: Han Olav Naas, Giske kommune, Eva Vinje Aurdal, ordførar i Ålesund kommune, Alexander Drabløs Wiig, kommuneoverlege Ålesund kommune, Marthe Therese Strømme, prosjektleiar for Fremmerholen vassbehandlingsanlegg/Ålesund kommune.Konsernsjef i Hofseth AS, Roger Hofseth, la ned grunnstein til det nye vassbehandlingsanlegget, som representant for den store næringsmiddelindustrien i området som treng kvalitetsvatn til kvalitetsprodukt.

Tok første spadetak for vassbehandlingsanlegg for Ålesundsregionen

Mandag vart det første spadetaket tatt for det nye vassbehandlingsanlegget for Ålesundsregionen.

– «Gamle» Ålesund kommune og Sula kommune har Brusdalsvatnet som einaste drikkevasskjelde. Sidan ein i tillegg berre har eitt anlegg for vassbehandling, så er drikkevassforsyninga svært sårbar. Difor bygger ein no eit nytt drikkevassanlegg i tillegg det gamle der begge anlegga kvar for seg kan greie å gi reint vatn til alle innbyggarane, heiter det i ei pressemelding frå Ålesund kommune.

I tillegg til dagleg hovudforsyning til Sula og Giske er Brusdalsvatnet også vasskjelde og reservevatn for Giske. Utbygginga gjeld difor heile regionen og skal sikre nesten 70.000 menneske reint vatn.

Prosjektleiar for Fremmerholen vassbehandlingsanlegg, Marthe Therese Strømme, seier at når det nye anlegget kjem i drift i 2026, så vert samfunnssikkerheit og beredskap mykje betre ved at ein på ein heilt annan måte enn før sikrar reint og trygt drikkevatn til folk

– 160 år etter at Ålesund fekk sitt første vassverk er det veldig stas å få sette i gang bygging av eit nytt vassbehandlingsanlegg som vil bli ei ny tidsrekning innan drikkevassforsyning. Når innbyggarane våre er sikra med to vassbehandlingsanlegg, vil det bli som å gå frå eit einmotors til tomotorsfly, seier ho i meldinga.

Det er Peab K. Nordang som står for bygginga av anlegget.

Også ordførar i Ålesund, Eva Vinje Aurdal, som tok første spadetak saman med Hans Olav Naas, einingsleiar teknisk i Giske og Birgitte Valderhaug frå Sula, viste til historia og kor viktig vatn har vore for utvikling av sivilisasjonar.

– Og Fremmerholen vassbehandlingsanlegg er eit prosjekt som vil bety mykje for framtida og vere ei forutsetning for vidare utvikling av regionen vår, seier Aurdal i meldinga.

I tillegg til drikkevatn til folk er reint vatn ein avgjerande faktor for den store næringsmiddelindustrien i området. Kvar einaste dag heile året leverer dagens vassbehandlingsanlegg 27 millionar liter reint vatn. Mykje av dette blir brukt av lokale industribedrifter som produserer mat. Difor var Roger Hofseth, grunder og CEO i sjømatprodusenten Hofseth AS, invitert til å legge ned grunnstein.