Førde kommune vil tømme boliger

Førde kommune har varsla at bebuarane i dei 16 leiligheitene i Lia Terrasse kan måtte flytte ut dersom omprosjektering av rømmingsvegar ved bygget ikkje er ferdigstilt før 15.september, skriv Firdaposten.

Denne artikkelen er over ti år gammel.

- Ut frå tryggleiken til bebuarane har vi sett det naudsynt å vurdere det mellombelse bruksløyvet i Lia Terrasse på nytt, seier leiar for teknisk forvalting i Førde kommune, Bernhard Øberg. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane vedtok 7. juli i år å gje prosjekteringsselskapet Conradi AS frist til 1.september med å ferdigstille omprosjektering av løysing for rømming ved brann i Lia Terrasse.

Powered by Labrador CMS