Dårlig eplesesong i Hardanger

Mange epledyrkarar i Hardanger får låg avling i år, grunna mykje nedbør og låge temperaturar. Dette kan gje store økonomiske utslag for fruktbøndene.

Våren var dårleg for epledyrkarane i år. Utsiktene til store avlingar av Aroma, Gravenstein og Discovery er rett og slett labre. Hjå enkelte dyrkarar må ein leite i trea etter eplekart.

Klimadata frå Ulvik syner ikkje ein dag utan nedbør frå 12. mai til 4. juni i år. I mai vart det målt 139 mm nedbør i Ulvik, mot rundt 50 mm i eit normalår. Knapt ein dag har vist ein middeltemperatur over 10°C i same periode. Dessutan kom frosten tidleg i fjor, slik at trea ikkje fekk avmodna skikkeleg, noko som førte til svakare knoppar i vår.

Kan utløyse erstatningar
Slike sesongar får store økonomiske følgjer for bruka. Erstatningsordninga ved avlingssvikt har som føremål å redusera økonomiske tap ved klimatisk forårsaka produksjonssvikt. Rettleiing ved søknad om erstatning ved avlingssvikt kan ein få hjå kommunane.