Bak frå venstre: May Edel Hembre kontraktsrådgiver , prosjektleder Bjørn Gunnar Remmem (Backe Nordvest), Øyvind Wiklem. Fremst frå venstre: direktør Lars Georg Backer (Backe Nordvest) og Jens Levi Moldstad.

Backe Nordvest bygger befalsforlegning på Ørland

Forsvarsbygg har inngått kontrakt med Backe Nordvest (tidlegare Lønnheim Entreprenør AS) om oppføring av befalsforlegning på Ørland hovudflystasjon.

– Avtalen om oppføring av befalsforlegningen er viktig i bygginga av hovudbasen for nye kampfly F-35, som vil bidra til å dekkje behovet for bustadar til befalet, seier Jens Levi Moldstad, plan- og utbyggings-sjef i Forsvarsbygg kampflybase.

Etter vedtaket om å etablere kampflybasen på Ørland er det satt eit styrka fokus på omfang, standard og storleik på forsvarsbustadane rundt omkring i kommunen, i tillegg til kvarter inne på basen. 

- Satsinga på gode butilhøve representerer eit langt steg mot målsetjinga om å skape bu- og arbeidslyst for dei som jobbar på Ørland. Vi er nøgde med interessa for oppdraget, og det er gledeleg at eit firma med regional tilknyting når heilt til topps i anbodskonkurransen, seier Moldstad.

Kontrakten med Backe Nordvest, som er ein totalentreprise, omfattar oppføring av forlegning i tre etasjar med loft utan kjeller, 2453 m2 BTA. Total kapasitet er 50 kvarter med opphaldsrom, eige bad og sovealkove. Bygge-start er planlagt i sommar, med ein byggetid på 11 månader.

Kontrakten har ein verdi på 58,7 millionar kroner inkl. mva.