Det blir ikke byggestart på det nye akuttsykehuset på Hjelset i år, slik det var planlagt. Nå har styret i Helse Møre og Romsdal vedtatt å stoppe anbudskonkurransen. Illustrasjon: Nordic

Avlyser anbudskonkurransen for nytt akuttsykehus på Hjelset

Styret i Helse Møre og Romsdal konstaterer at pristilbudene som er levert er langt høyere enn forventet og valgte onsdag å avlyse anbudskonkurransen for hovedentreprisen.

Publisert Sist oppdatert

I følge en pressemelding fra Helse Møre og Romsdal støtter styret innstillinga frå adm.dir. Espen Remme og vedtok dermed i dag å avslutte den pågåande anbodskonkurransen. Styret bad Remme om å sikre at planleggingsarbeidet held fram slik at ein unngår unødige forseinkingar i realiseringa av Sjukehuset Nordmøre og Romsdal.

- SNR skal byggast og vedtak og intensjonar frå forprosjektet ligg fast. Skal vi sikre ei økonomisk forsvarleg gjennomføring av prosjektet må vi likevel gjere vesentlege endringar i konkurransegrunnlaget og må derfor avlyse den pågåande konkurransen, seier styreleiar Ingve Theodorsen.

- Det er viktig at vi sikrar framdrifta og ikkje forseinkar prosjektet meir enn nødvendig slik at pasientane og innbyggarane får eit nytt sjukehustilbod så raskt som mogeleg, seier brukarrepresentant Ingrid Løset.

Prosjektdirektør Helle Jensen som har leia arbeidet med anbodskonkurransen orienterte styret om anbodsprosessen og forhandlingane som er gjennomført med BetonmastHæhre AS og Skanska AS. Planen var å innstille ein entreprenør for oppdraget 29.juni, og starte bygging i november 2018.
- Eg vil rose entreprenørane for arbeidet dei har lagt ned og for god dialog undervegs i forhandlingane. Det er leit at konkurransen ikkje førte fram, men vi skal no sjå både på entreprisemodell og konkurransegrunnlag før vi kan kome ut med ein ny konkurranse til hausten, seier Jensen.

Under styremøtet peika Jensen på fleire moglege grep for å redusere kostnadar i eit nytt konkurransegrunnlag:
• Utarbeide funksjonsbeskrivingar og ikkje spesifikke krav
• Opne opp for alternative løysingar frå entreprenørar knytt til både bygg og teknikk
• Kritisk gjennomgang av løysingar og utforming av areal som er utanfor og rundt akuttsjukehuset
• Sikre meir standardisering for å oppnå ei auka grad av industrialiserte prosessar

- Vi vil i tida framover ha fokus på å redusere prisdrivande element og sikre riktig detaljering av konkurransegrunnlaget slik at vi treffer ein riktig pris for bygging av akuttsjukehuset, seier Jensen.
Styret vil få framlagt ein sak til vidare anbodprosess hausten 2018.

Powered by Labrador CMS