NVE dokumenterer flaumhendingar

Flaumvarslingstenesta har i frå 2008 utarbeida rapporter om alle flaumar som har meir enn 10 års gjentaksintervall. Rapportane dokumenterar dei hydrologiske forholda knytt til flaumane, skriv NVE på sine heimesider.

 

NVE har ansvaret for den nasjonale flaumvarslingstenesta og har døgnkontinuerleg vernebuingstelefon for flaum- og skredsituasjonar. NVE varslar flaum eller stor flaum når vi ventar at vassføringa i vassdrag vil nå ein viss storleik eller at vass-standen i ein sjø vil overstige ein viss vass-stand.

Det er og viktig å forklare dei flaumhendingane som oppstår, slik at ein kan trekkje lærdom av desse til seinare høve.

Det er til no laga seks slike rapportar. Fire er i frå 2010, ein i frå 2009 og ein i frå 2008.

Det var flaum i Midt-Noreg i 2010 med gjentaksintervall på over ti år i både mai og juni. Rapporten fokuserer på situasjonen i juni, men nokre kommentarar om smelteflaumen i mai er teke med.

Flommen i Sør-Norge oktober 2010

Rapporten skildrar flaumen som ramma delar av Sør-Noreg i oktober 2010 då store deler av landsdelen opplevde ein flaum med opp mot 20 års gjentaksintervall.

Flommen i Nord-Norge mai 2010

Midt i mai blei Nord-Noreg ramma av ei uvanlig stor flaum. Sterk varme førte til stor snøsmelting, flaum i vassdrag og ei mengde skred i landsdelen.

Flommen på Sør- og Vestlandet november 2009

19. og 20. november 2009 gav regn flaum i vassdrag på Sør- og Vestlandet. I mange vassdrag hadde flaumen eit gjentaksintervall over 5 år, og i nokre vassdrag var gjentaksintervallet på flaumen over 10 år.

Flommen på Sør- og Østlandet våren 2008

500 meter over havet var det var meir snø enn normalt i april i Sør-Noreg. Mildvêr og regn i starten av mai gav flaum med gjentaksintervall på 5-20 år i ei rekkje vassdrag på Sør- og Austlandet.

Vidare i mai steig også vass-standen i fleire låglandsinnsjøar, i Sperillen i Drammensvassdraget blei det 20- årsflaum. I Mjøsa kulminerte vasstanden mot midten av juni på nivå mellom 5- og 10-årsflaum.

Flommen på Sør- og Østlandet januar 2008

16.- 17. januar 2008 gav regn og snøsmelting flaum i lågareliggande og kystnære vassdrag på Sør- og Austlandet. I fleire vassdrag hadde flaumen eit gjentaksintervall på omkring 20 år.

Les meir på www.nve.no