Stor trafikk på Kvivsvegen dei første dagane

Statens vegvesen har registrert stor trafikk på den nye Kvivsvegen.

På opningsdagen den 22. september passerte det vel 3900 køyretøy forbi registreringspunktet litt nord for Eidsnakktunnelen.

Det var mange som ville ta ein søndagstur for å sjå heile vegen dagen etter opninga, då vart det registrert heile 6160 køyretøy, ifølge en pressemelding fra Statens vegvesen.

Vegvesenet har forventningar om ein gjennomsnittleg døgntrafikk på frå 1200 passerte køyretøy og oppover. Enno er det for tidleg å seie noko om kor stor normaltrafikken vil bli, men dei første kvardagane har trafikkmengda lege på mellom 1340 og 1920 køyretøy per dag.

I tabellen under er trafikktala for perioden 21.-30. september.

Fredag 21.09: 500
Lørdag 22.09: 3 907
Søndag 23.09: 6 161
Mandag 24.09: 1 555
Tirsdag 25.09: 1 340
Onsdag 26.09: 1 345
Torsdag 27.09: 1 371
Fredag 28.09: 1 926
Lørdag 29.09: 1 948
Søndag 30.09: 3 237

Les Byggeindustriens prosjektomtale av Kvivsvegen her.