Mindre byggjebyråkrati

- Vi endrar nokon av byggjereglane for å gjere det enklare og billigare å byggje og pusse opp, seier statsråd Liv Signe Navarsete.

- Dei nye byggjereglane har fungert i drygt eitt år. Erfaringane syner at det er formålstenleg å justere og presisere nokon av krava, seier Navarsete.

Frå 1. januar 2012 treng ein ikkje søkje kommunen for å byggje om våtrom. Dei nye reglane gjeld berre når ein ikkje bryt brannskiljet. Ein må framleis søkje viss ein fysisk må gå gjennom vegg, golv eller tak hos naboen for å plassere nye sluk eller røyr.

- Fukt utgjer ein vesentleg del av skadane på bygg. På den andre sida har det blitt for mykje byråkrati knytt til å søkje om byggjeløyve. Vi fjernar plikta til å søkje for å gjere det enklare for folk. Men byggjekrava om kvalitet gjeld sjølvsagt framleis, seier Navarsete.

Frå nyåret blir dessutan krava til tilgjenge og universell utforming i bustader noko forenkla. I små leilegheiter kan ein no setje av mindre plass til bod. Etter dei nye reglane kan storleiken på bod halverast til 2,5 m2 i 1-roms leilegheiter. Bustader som blir bygde i bratt terreng får unnatak både frå krav til stigning og trinnfri inngang. Bustader i bratt terreng har også nokon unnatak frå krav om tilgjenge inne i bustaden.