Forsvarsbygg stiller miljøkrav

Ved å stille krav til miljøriktig innsamling og gjenvinning av brukt emballasje, utvidar Forsvarsbygg sitt allereie sterke miljøengasjement.

Frå og med no må entreprenørar og underleverandørar som vil ha oppdrag hjå Forsvarsbygg, enten vere medlem i Grønt Punkt Noreg eller i ei tilsvarande ordning.

Forsvarsbygg er Noregs største eigedomsaktør, og forsvarssektoren sin eigen eigedomsekspert, som byggjer, driftar og sel eigedommar for Forsvaret.

- Me forvaltar rundt 4,5 millionar kvadratmeter bygnadsmasse fordelt på ca. 14500 bygg og anlegg landet over, me er bevisste på at verksemda vår er satt til å forvalte fellesskapet sine ressursar og me tek miljøutfordringane på alvor, seier administrerande direktør i Forsvarsbygg, Frode Sjursen.

Forsvarsbyggs kontrollmedlemskap i Grønt Punkt Noreg er eit klart signal til byggjenæringa om å støtte opp om finansieringa av returordningane. Forsvarsbygg følgjer dermed opp intensjonen i handlingsplanen til regjeringa om miljø- og samfunnsansvar i offentlege innkjøp.

- For Forsvarsbygg betyr dette at me vil stille krav til norske entreprenørar og leverandørar om at dei skal vere medlem i ei returordning for brukt emballasje. Dette sikrar at leverandørane deltek i finansieringa av dei ulike returordningane, seier Frode Sjursen.

Grønt Punkt Noreg er reiskapen næringslivet bruker for å oppfylle Noreg og EU sine krav til attvinning av brukt emballasje.

- Vår oppgåve er mellom anna å sørgje for at næringslivet deltek i finansieringa for innsamling og attvinning av brukt emballasje, seier administrerande direktør Jaana Røine i Grønt Punkt Noreg.