Prøve NM og Noregs Cup i Stokke

20. - 22. februar var Ellen, Solfrid, Merethe og Jorunn på plass i Stokke i Vestfold for å gå nye noregscup-løp. Stokke er vert for Noregsmeisterskapen i 2010, så da var det jo fint å få prøvd seg i desse løypene.

På laurdagen var det duka for klassisk sprint i ei hard og spennande sprintløype. Ellen gjekk ein svært sterk prolog og fekk 2 beste tid. Jorunn og Solfrid kom seg også greitt vidare med 11. og 22. beste prologtid. Merethe fekk det litt tungt i det krevjande snøvêret og kom seg ikkje vidare.

Utfordringane vart etterkvart store med skikkelig godt snøvêr og smørarane i bua jobba på spreng for å finne den beste blandinga under skia. Enkelte valte å gå på rubbeski denne dagen som viste seg å vere eit lurt val.
Solfrid og Jorunn vart slått ut i kvartfinalen og enda høvesvis som nr 17 og 16, medan Ellen kom seg vidare og gjennomførte til slutt ein solid B-finale som ho vann og dermed vart nr 7. Bra jobba! Kari Vikhagen Gjeitnes vann sprinten.

På søndagen var det duathlon-øvelse i mykje rolegare forhold frå skyene over. Sola kikka etterkvart fram og forholda var flotte. Vi kom oss greitt ut på den klassiske delen der det blei gått forholdsvis roleg i teten. Jorunn gjekk ein bra klassisk del og veksla som nr 5 ved skibyte medan Merethe og Solfrid gjekk seg opp på skøytedelen. Jorunn enda til slutt som nr 7 og var svært fornøgd med det etter mykje motgang dei siste månadane. Merethe gjekk ein veldig bra skøytedel og plukka mange løparar undervegs. Og kom inn som nr 15 Solfrid hadde også ein brukbar dag i sporet sjølv om ho sleit litt med feste på klassisk delen og enda til slutt som nr 14.

Marte Elden vann rennet.