Miljøaksjon ved 28 småkraftanlegg på Vestlandet

NVEs miljøtilsynsgruppe gjennomførte i oktober ein tilsynsaksjon ved 28 småkraftverk i Hordaland, Sogn og Fjordane og på Sunnmøre.

Gruppa fann avvik ved 25 prosent av kraftverka men ikkje brot på vilkår i konsesjonane for anlegga.

- Konsesjonærane har god kontroll med pålagd minstevassføring, men svake rutinar for å dokumentere at krav om minstevassføring vert følgd opp, seier avdelingsdirektør Rune Flatby.

Dei 28 småkraftverka vart plukka ut til systemrevisjon med særskild fokus på minstevassføring og prosedyrar for dokumentasjon av kontroll med dei fastsette krava. Det vart i tillegg gjennomført inspeksjon på anlegga. Det vart funne avvik ved sju av kraftverka. Fem av dei kontrollerte kraftverka manglar eit tilfredsstillande internkontrollsystem.

Merknader ved dei fleste kraftverka
I tillegg til avvika vart det registrert merknader ved 27 av dei 28 kraftverka. Merknadene knyter seg til at konsesjonærane ikkje har felt ned skriftlege rutinar for det interne tilsynet som vert gjennomført. Dette gjeld både for kontroll av minstevassføring og det generelle tilsynet med natur- og miljømessige forhold. Ein del av merknadene skuldast at konsesjonærane ikkje har utarbeidd oppdaterte kart som syner arealbruken for vassdragsanlegga.

Største aksjon nokon gong
NVE sitt miljøtilsyn har gjennomført systemrevisjonar sidan 2005 med omlag 15 revisjonar årleg i heile landet. NVE har aldri før gjennomført ein så stor aksjon. Aksjonen avdekte ikkje brot på vilkår i konsesjonane for anlegga. - Resultatet viser likevel at det er behov for å gjennomføre slike aksjonar. Det sikrar betre kontroll med at småkraftverk har rutinar og dokumentasjon som sikrar ei ansvarleg drift av kraftverka, seier Flatby.