Nytt høgskolesenter i Bergen

- Me er både glade og skuffa over meldinga frå statsråden, seier rektor Eli Bergsvik. Søndag kom høgre utdanningsminister Tora Aasland til Bergen for å fortelje at regjeringa vil løyve midlar i statsbudsjettet for 2010 til samlokalisering på Kronstad.

- Det er ei stor glede for meg å komme til Bergen med gode nyheiter, sa Tora Aasland då ho opna pressekonferansen på Høgskolen i Bergen søndag.

Ministeren hadde tidlegare på dagen fortald at odontologibygget er sikra løyvingar på statsbudsjettet for 2009, for Høgskolen i Bergen var ikkje meldinga fullt så god.

På heimesida til HiB kan vi lese om pressekonferansen i går.

Startløyving i 2010
- Eg har fått regjeringa med meg på at Høgskolen i Bergen skal få ei startløyving over statsbudsjettet for 2010, sa Aasland.

Kostnadsramma for bygget på Kronstad er sett til 1,6 milliardar kroner, og arealet på bygget er på 4800 kvadratmeter.

Byggestart i 2010 vil bety ei ferdigstilling i 2015.

Kjenner på skuffelse
- Eg takkar for at de kjem, men ber om forståing for at me kjenner på ein viss skuffelse, sa rektor Eli Bergsvik.

Ho peika på at høgskulen hadde venta seg ei startløyving allereie på budsjettet for 2009.

- Me har ikkje fått det beste, men me har fått det nest beste, sa rektor til statsråden.

Bergsvik sa på pressekonferansen at ho valde å tolke det slik at dette ikkje betyr nok ein stillstand i prosjektet med å få ei samlokalisering på Kronstad.

Aasland på si side forsikra at teksten i statsbudsjettet for 2009 forplikta til startløyving i 2010.

Ventetida kostar millionar
Høgskoledirektør Nils Mæhle synes også meldinga frå ministeren er gledeleg, men peika samtidig på at høgskulen treng startløyving i 2009.

- Eit år med venting vil koste samfunnet fleire millionar kroner, og difor hadde ei startløyving i 2009 vore ein fordel for alle partar, sa Mæhle.

Høgskuledirektøren sa at han likevel håpar på ei jamn framdrift i prosjektet, og at saka no vil bli tatt vidare til Stortinget.


Glede med bismak
- Me er fornøgd med at ein no har sett alvoret i denne saka, men det er samtidig ein bismak at det blir startløyving i 2010, sa studentparlamentsleiar Anders Bøhn.

Bøhn peika på at det er grunn til å feire, men viste samtidig til valet som nærmar seg i 2009.

Bøhn uttrykte bekymring for at valet kan føre til at bygget nok ein gong ikkje blir tatt med i budsjettet.

Til dette svara Aasland at ho ville sjå den regjeringa som gjer eit slikt grep å kutte ut ei så stor satsing.

Ho viste også til at det er stor vilje i Stortinget til å få på plass nye kunnskapsbygg i Bergen. Aasland sa også at det er denne regjeringa som vil legge fram neste års budsjett.

- Me skal bolte nybygget fast til neste års budsjett, avslutta Aasland