Ekstra tilskot til Stiftinga ROM for kunst og arkitektur

Kultur- og kyrkjedepartementet gir eit ekstra tilskot på 100 000 kroner til Stiftinga ROM for kunst og arkitektur. Tilskotet skal bidra til styrking av workshop- og prosjektverksemda, spesielt til eit prosjekt som vil drøfte Osloregionens framtid.

- ROM representerer noko nytt på feltet ved at stiftinga utforskar samspelet mellom kunst og arkitektur gjennom formidling i utstillingar. Ein relativt liten auke i tilskotet vil gi god utteljing, seier kultur- og kyrkjeminister Trond Giske.