Færre skiftar kraftleverandør

58 500 hushaldskundar og 3 700 næringskundar skifta kraftleverandør i løpet av 3. kvartal 2006. Dette er ein nedgang i talet på skifte frå 2. kvartal, trass i ein markant prisauke gjennom kvartalet.

- Sjølv om det har regna mykje i haust, ser likevel straumprisane ut til å bli høgare til vinteren enn det som har vore vanleg dei siste åra. Det er difor framleis viktig å understreke at ein er bevisst forbruket sitt og kva slags kraftavtale ein har, seier seksjonssjef i NVE Gunn Oland. Nedgangen i talet på leverandørskifte i hushaldsmarknaden er omlag 7 500 samanlikna med førre kvartal, men samstundes ein auke på omlag 22 000 frå same kvartal i fjor. I nærings-marknaden var det også ein reduksjon frå førre kvartal, då omlag 2000 færre skifta leverandør. Talet på hushaldskundar som går over til spotprisavtale er framleis aukande, sjølv om standard variabel avtale enno dominerer. At stadig færre velger fastpriskontrakt, viser at hushaldskundane i liten grad velger å prissikre seg, sjølv etter ein lengre periode med stigande priser. - Dei raske prisendringane mellom dei ulike leverandørane, gjer kanskje at hushaldskundane er meir avventande. Tala frå leverandørskifteundersøkinga kan tyde på at forbrukarane har venta på haust-regnet og verknaden av dette på prisutviklinga i kraftmarknaden, uttalar Oland.