Meir til asfalt og rassikring

- Eg er glad for dei ekstra midlane vi får. Særleg gjeld det ressursar til asfalt og rassikring. Får vi gjort ferdig sikringsprosjekt som er i gang, kjem det og nye anlegg til gode seinare, slik at vegfarande kan kjenne seg tryggare fleire stader.

Det seier vegdirektør Olav Søfteland i ein kommentar til Regjeringa sitt framlegg til revidert nasjonalbudsjett. I budsjettet ligg det ei reell tilleggsløyving til vegføremål på totalt 215 mill. kr. Av desse går 116 mill. kr til asfalt og 40 mill. kr til rassikringstiltak. Midlane til rassikring er fordelt slik: * 10 millionar kroner til riksveg 43 Aunevik Bukkesteinen i Vest-Agder * 10 millionar kroner til riksveg 55 Stedjeberget i Sogn og Fjordane * 10 millionar kroner til riksveg 62 Fresvika Jordalsgrenda i Møre og Romsdal * 5 millionar kroner til E10 Fjøsdalen i Nordland * 5 millionar kroner til riksveg 91 Ura i Troms Det er og lagt opp til at Statens vegvesen får 40 mill. kr i ekstraløyvingar for å kompensere for kostnader knytt til ekstremver på Vestlandet og i Trøndelag.