170 millionar kroner sikrar fast dekke på alle grusriksvegar i landet
I framlegget til løyvingar til riksveginvesteringar for 2003 er det sett av 170 millionar kroner til legging av fast dekke og andre utbetringar på riksvegstrekningar som i dag berre har grusdekke.
Denne artikkelen er over ti år gammel.
Det blir rekna med at 86 kilometer av riksvegnettet vil ha grusdekke ved inngangen til 2003. Med dei midlane som er sette av på statsbudsjettet for neste år, vil det såkalla grusvegprogrammet vere gjennomført innan utgangen av 2003. Det vil då i praksis vere fast dekke på alle riksvegar i Noreg. Eit unntak gjeld for nokre få og svær korte strekningar som framleis vil ha grusdekke, ut frå mellom anna kulturhistoriske omsyn. - Regjeringa legg stor vekt på å betre vegstandarden i distrikta. I 2003 avsluttar vi ei fireårig satsing som den første Bondevik-regjeringa sette i gang hausten 1999 og som vil sikre at det blir fast dekke på heile riksvegnettet i Noreg. Dette er ein milestolpe i norsk samferdsel, seier samferdselsminister Torild Skogsholm.