Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

E6 Vindåsliene- Korporalsbru lagt fram for Stortinget

Samferdselsdepartementet har i dag lagt fram forslag om utbygging og finansiering av prosjektet E6 Vindåsliene – Korporalsbru i Sør-Trøndelag.

- No tar vi eit nytt og viktig skritt i arbeidet med å fjerne flaskehalsar på E6 mellom Ulsberg og Melhus. Ei ulykkes- og miljøbelasta strekning av E6 med stor gjennomgåande trafikk og mykje tungtransport vil bli utbetra, og trafikken vil bli ført utanom Soknedal sentrum, seier statsråd Ketil Solvik-Olsen i ei pressemelding. Utbygginga er ei viktig satsing for næringsutvikling på aksen nord-sør i Norge og for Trondheimsregionen.

Prosjektet omfattar bygging av 6,4 km to-/tre-felts veg med midtrekkverk og fartsgrense 90 km/t i ny trasé på vestsida av Sokna. Vegen blir lagt utanom Soknedal sentrum med tilkopling til tettstaden gjennom eit planskilt kryss sør for sentrum. Nord for Soknedal sentrum vil E6 gå på ny bru over Sokna, før vegen går inn i ein om lag 3,6 km lang tunnel med eitt løp. Bygging av samanhengande gang- og sykkelveg er ein del av prosjektet.

E6 Vindåsliene – Korporalsbru er føresett finanisert med statlege midlar og bompengar. Den statlege andelen utgjør 54,2 prosent. Det blir anleggsstart i 2017, med opning for trafikk våren 2020.

E6 Oppland grense – Trondheim er ein viktig del av det nasjonale vegnettet og den viktigaste hovudvegen for Midt-Norge.

Proposisjonen blei lagd fram for Stortinget i dag.