Meir radon i bustadene i Time

Prosjektet radonmåling i Time kommune blei starta sommaren 2000 og er eit samarbeid mellom Husbanken, Statens strålevern og Statens bygningstekniske etat.

Denne artikkelen er over ti år gammel.

Ei samanlikning med ei tidligare kartlegging tyder på at radonnivåa i dagens bustadmasse er 70-75 % høgare enn for 20 år sidan. Dei respektive institusjonar har hovudansvar for informasjonstiltak, kartlegging og kompetanseoppbygging. Strålevernets målsetning var å kartlegge radonproblematikken i et utval av kommunar i Noreg. I kvar kommune blei det gjennomført ein fase 1-kartlegging, med målingar i et tilfeldig utval på mellom 2 % og 10 % av bustadmengda. Målingane blei utført ved hjelp av lukka sporfilm. Det viste seg å vere store geografiske variasjonar i problemomfang, både mellom kommunar og innanfor einskilde av kommunane. Gjennomsnittlig radonkonsentrasjon i de 114 kommunane blei berekna til 89 Bq/m3. Det var 9 % og 3 % av bustadane som låg over 200 og 400 Bq/m3. Samlerapport for Time kommune, Radon 2001: Tal på målingar: 462 bustader Ingen årsmiddelverdi: 6 bustader 1) Årsmiddelverdi < 200 Bq/m3: 67,6 % av bustadane Årsmiddelverdi 200 400 Bq/m3: 1,8 % av bustadane Årsmiddelverdi > 400 Bq/m3: 0,6 % av bustadane Gjennomsnitt: 52 Bq/m3 Høgaste verdi: 1300 Bq/m3 1) Årsmiddelverdien vert ikkje rekna dersom måleperioden er for kort. Statens strålevern er landets fagmyndighet på området strålevern og atomsikkerhet. Strålevernet sorterer under Helse- og omsorgsdepartementet, men skal betjene alle departementer i spørsmål som angår stråling. Bare sporfilm oppfyller kriteriane frå Statens strålevern Målingar gjennomføres ved at ein eller fleire sporfilmar sendes til husstanden per post. Sporfilmane må plasserast i dei opphaldsromma kor målinga skal gjerast. Etter to-tre månadar skal sporfilmane sendast tilbake til laboratoriet for analyse.

Powered by Labrador CMS