Planbestillar/ Veg- og trafikkplanleggar

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeRogaland
StedHaugesund
Søknadsfrist04.10.2015

I Vegavdeling Rogaland er det ledig fast stilling innan fagområde Planbestilling, veg- og trafikkplanlegging ved seksjon Plan og forvaltning i Haugesund.

Plan- og forvaltningsseksjonen består i dag av 14 tilsette på kontorstad Haugesund. Seksjonen har ansvar for planlegging og sakshandsaming i samsvar med veglov og plan- og bygningslov. Seksjonen arbeider tett mot kommunar og fylkeskommune og representerer eit samansett fagmiljø med store muligheiter for fagleg utvikling. Statens vegvesen har stort fokus på planlegging for å sikre god og effektiv gjennomføring av prioriterte prosjekt på riks- og fylkesvegnettet. Plan og forvaltningsseksjonen har bl.a. ansvar for å behandle arealplanar og byggjesaker som vert fremja av andre.

Arbeidsoppgåver:

Statens vegvesen planlegger riks-/og fylkesvegprosjekt på alle plannivå. Planbestillarar er prosjekteigaren sin representant ved gjennomføring av kommunedelplanar og reguleringsplanar. Som planbestillar får du ansvar for å definera innhald i prosjekta og ha ei tett oppfølging av dei som utfører planlegging for våre prosjekt. Planbestillaren skal sjå til at prosjekta når dei måla som er sette, både i forhold til innhald og tidsbruk. I rolla som planbestillar vil du ha utstrakt kontakt med kommunar og Rogaland fylkeskommune, og du vil vera ein viktig bidragsyter i etaten sitt arbeid med effektiv planlegging. Du vil saman med dei andre planbestillarane på seksjonen også vera ein avgjerande ressurs for den strategiske og samanhengande planlegginga av vegnettet.

Arbeidsoppgåvene vil utførast i tett samarbeid med prosjektleiarane, dei andre planbestillarane og fagansvarlege på seksjonen. Alt etter di og dei andre planbestillarane si erfaring og interesse, samt seksjonen sitt behov, vil prosjektoppgåvene avpassast. Det kan i tillegg bli aktuelt med andre plan- og trafikkfaglege oppgåver innanfor seksjonen sitt verkeområde.

  • Arbeidsoppgåvene vil vere knytt til bestilling og styring av planleggingsprosjekt på riks- og fylkesvegnettet i Rogaland.
  • Planbestiller er prosjekteigars representant ved gjennomføring av planleggingsprosjekt.
  • Dette dreier seg om tiltak på veg-, gang- og sykkelnettet, samt miljø- og kollektivtiltak.
  • I samhandling med arealplankontaktar på seksjonen gi vegtekniske vurdering/sakshandsaming av eksterne og interne areal- og vegplaner
  • Oppgåver/bidrag innan trafikkteknikk, trafikkanalyser, trafikkberekningar, kapasitetsberekningar og vegmodellar.
  • Oppgåver innan Nasjonal Transportplan og Handlingsprogram.
  • Ymse forvaltningsoppgåver.

Kvalifikasjonskrav: Vi søkjer deg med bachelor - eller mastergrad, innafor relevant fagområde.

Det er vidare ynskjeleg at du har:

  • Erfaring innanfor arealplanlegging og samferdsle i offentleg eller privat sektor
  • Erfaring med, og interesse for, veg-, gange-, sykkel- og kollektivtiltak
  • Interesse for trafikksikkerheitsarbeid
  • God kommunikasjonsevne munnleg og skriftleg
  • Gode samarbeidsevner

For deg som har sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda, eventuelt med etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.

Norsk er arbeidsspråket i Statens vegvesen. Du må kunne ordleggje deg skriftleg og munnleg på norsk, slik at du kan utføra arbeidsoppgåvene sjølvstendig.

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, tilrår vi at den vert godkjend av NOKUT ( www.nokut.no).

Personlege eigenskapar som blir vektlagt:

  • God kommunikasjonsevne.
  • Gode evner til samarbeid.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig.
  • Gode evner til å ta initiativ og vere kreativ
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne.

Vi tilbyr:

  • Interessante arbeidsoppgåver i ein organisasjon med stort fagmiljø, med gode høve for personleg og fagleg utvikling.
  • Vi har fleksibel arbeidstidsordning og gode velferdstilbod.
  • Gunstige pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasse.
  • Løn i samsvar med etaten sin lønspolitikk. Den vert trekt 2 % til Statens Pensjonskasse

Ein god og mangfaldig arbeidsplass Statens vegvesen er ein arbeidsgjevar som er oppteken av tydlege og trygge rammer for våre medarbeidarar. Vi har eit regelverk som sikrar medarbeidarane sine rettar. Sjølv om det til tider er hektisk hos oss og arbeidsmengda kan vere stor, legg vi vekt på at ein har høve til fleksibel arbeidstid. Vi ønskjer at du skal kunne kombinere jobb og fritid på ein god måte.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald og våre tilsette skal spegle samfunnet. Vi vil tilpasse arbeidshøva dersom du har behov for det.

Søknad Vi gjer merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. I så fall blir du varsla om det.

SØK HER

Vis flere stillinger: