Risa lågast på fylkesveg 47 Kvala-Fagerheim

Risa AS har det lågaste tilbodet. Entreprenøren vil ha godt 179 millionar kroner for å bygge Kvala-Fagerheim.

- Tilboda er som venta. Statens vegvesen er godt fornøyd med deltakinga i anbodskonkurransen, seier prosjektleiar Einar Færaas i Statens vegvesen.

- Framover går vi gjennom tilboda og kontrollreknar. Går alt etter planen er anleggsarbeida i gang i månadsskiftet oktober/november, fortset Færaas.

Stor prisskilnad

Følgjande entreprenørar har levert tilbod, prisane står i parentes:

* Risa AS (kr. 179 563 884,-)

* Bertelsen & Garpestad AS (kr. 183 131 147,-)

* Vassbakk & Stol AS (kr. 185 151 763,10)

* Strabag AG (kr. 186 933 236,47)

* Veidekke Entreprenør AS (kr. 236 219 923,-)

Miljøtunnel og bruer

Kvala-Fagerheim i nordre del av Haugesund er ein del av Hauglandspakken. Prosjektet inneheld 1300 meter firefeltsveg, ein 140 meter lang miljøtunnel gjennom Storhaug og to bruer. Kvala bru er 80 meter, Dubberselva bru er 40 meter.

Entreprenøren skal også fjerna fem-seks farlege avkøyringar, desse blir samla i to rundkøyringar. I tillegg kjem langsgåande gang- og sykkelveg, støyvollar og støyskjermar, pluss ein undergang ved Fagerheim.

Etter planen blir kontrakten skriven under i månadsskiftet oktober/november. Anleggsarbeidet begynner kort tid etter kontraktsigneringa.