Hytteutbygger vil gå til sak mot Tingvoll

Utbyggjarane bak dei omfattande hytte- og hotellplanane på Langøya i Tingvoll vil no gå til sak mot kommunen, melder NRK.

Utbyggar Dagfinn Simonsen hadde planar om å bygge fleire store luksushytter nede ved sjøkanten på Langøya i tillegg til eit hotell. Umogleg Simonsen har no skrinlagt planane fordi han meiner han blir motarbeidd av kommunen. Krava kommunen stiller gjer det heilt umogleg å drive forretningsverksemd eller gjennomføre prosjektet, seier han. Dagfinn Simonsen står i spissen for selskapet Long Island. Selskapet ønskjer å bygge ut Langøya i Tingvoll til ein av nordens mest eksklusive feriestader. Der er det i første omgang planlagt bygging av 15 eksklusive hytter på vel 170 kvadratmeter heilt nede ved sjøkanten i tillegg til eit hotell med spa og gourmetrestaurant. Kan bli rettssak Alt er teikna av arkitekten Finn Sandmæl, som for tida kanskje er mest kjent for å ha teikna den enorme hytta til Kjell Inge Røkke. Simonsen har arbeidd med prosjektet sidan 2002, men no gir han opp. Selskapet har brukt rundt 4 millionar på planane, og det bør Tingvoll kommune betale, meiner Simonsen. Viss det endar slik det ser ut no - at det blir stopp, så blir det førebuing til ei rettssak, seier han. Skuffa Long Island-prosjektet ville ha kravd mellom 500 og 750 millionar kroner i investeringar. Selskapet har bede kommunen om å gi ein førehandsgaranti på at planane ville gå gjennom i reguleringsplanen, og Simonsen er svært skuffa over at det ikkje lar seg gjere. Han er sjokkert over det han kallar uvilje og skepsis frå kommunen og meiner politikarane gjer alt dei kan for å lage vanskar. Avviser blankt Ordførar i Tingvoll, Kristin Sørheim, synest dette er ein uforståeleg reaksjon frå ein seriøs utbyggar og avviser kritikken blankt. Kommunen har i følgje Sørheim både håpt på og prøvd å få prosjektet realisert. Eg meiner sjølvsagt at det ikkje er grunnlag for å fremje noko erstatningskrav overfor kommunen i denne saka her, seier Sørheim.