Jamstiller alle som byggjer studentbustader

– Det er viktig å byggje nok studentbustader. For å gjere det enklare gjev me unntak frå nokre krav til tilgjenge for alle studentbustader, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Denne artikkelen er over ti år gammel.

Fram til no har berre studentsamskipnader og nokre studentbustadstiftelsar fått unntak, men frå 1. april gjeld det alle som byggjer studentbustader.

For å nytte seg av unntaket må utbyggjar garantere at bustaden skal nyttast som studentbustad i minimum 20 år. Utbyggjar må leggje fram eit tinglyst dokument før kommunen kan gje løyve til å byggje.

– Me legg ikkje opp til ytterlegare unntak frå krava til tilgjenge for ordinære bustader. Det er viktig å byggje for framtida og behovet for bustader med livsløpstandard vil auke. Sidan det i hovudsak bur unge menneske i studentbustader, meiner eg likevel det er tilstrekkeleg at berre 20 prosent av studentbustadene i kvart kompleks oppfyller alle krav til tilgjenge, seier Navarsete.

Powered by Labrador CMS