Løyve til tre vindkraftverk i Sogn og Fjordane

NVE gjev løyve til dei tre vindkraftverka Guleslettene, Hennøy og Vågsvåg i Flora, Bremanger og Vågsøy kommunar i Sogn og Fjordane.

Vindkraftverka vil samla gje omlag 620 GWh ny kraftproduksjon per år, noko som svarar til straumbruken til 30 000 husstandar. NVE gjev samstundes løyve til om lag 40 kilometer ny 132 kV kraftleidning frå Hennøy og Magnhildskaret via Svelgen til Ålfoten, løyve til å etablere ein ny transformatorstasjon på Hennøy og ein ny koplingsstasjon på Magnhildskaret. NVE gjev òg Statnett løyve til økt transformering i Ålfoten transformatorstasjon.

Guleslettene vindkraft AS er tiltakshavar på Guleslettene vindkraftverk (160 MW), Vestavind Kraft AS er tiltakshavar på Hennøy vindkraftverk (35 MW) og Kvalheim Kraft DA står bak søknaden på Vågsvåg vindkraftverk (24 MW). SFE Nett skal byggje 132 kV-leidningane og stasjonane. Kraftleidningane er naudsynte for å overføre produksjon frå Hennøy og Guleslettene vindkraftverk til sentralnettet.

NVE legg vekt på at det er gode vindforhold i planområda og at områda er godt egna for vindkraftproduksjon. Vindkraftverka kan gje eit viktig bidrag til å oppfylle politiske målsetjingar om auka fornybar kraftproduksjon i Noreg.

Vindkraftverka og kraftleidningane vil etter NVE si vurdering gje akseptable verknader for miljø og samfunn.

NVE har vurdert fordelane ved ny fornybar kraftproduksjon opp mot ulempene tiltaka fører med seg. NVE meiner dei viktigaste negative verknadene av Guleslettene vindkraftverk er knytt til friluftsliv, landskap, INON og trekkande fugl, medan dei for Hennøy vindkraftverk er knytt til kulturminner/kulturmiljø og landskap. Ulempene ved Vågsvåg vindkraftverk er knytt til visuelle verknader for landskap, lokalt friluftsliv og støy.

NVE har vurdert at dei nye leidningane frå Hennøy og Magnhildskaret via Svelgen til Ålfoten ikkje vil føre med seg særskilde nye miljøverknader sidan omlag 30 av dei 40 kilometrane ny 132 kV leidning vil erstatte eksisterande leidning mellom Magnhildskaret og Ålfoten i tilnærma same trasé. SFE Nett får løyve til å byggje leidningen gjennom Sørdalen naturreservat, men NVE har vurdert at verknadene blir minimale då den skal byggast i same trasé som dagens leidning.

NVE konstaterer at kommunane er positive til vindkraftverka. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har fremma motsegn til Vågsvåg vindkraftverk, og denne saka vil bli sendt Olje- og energidepartement for klagebehandling etter klagefristen. Fylkemannen vurderer Hennøy vindkraftverk til å være det minst konfliktfylte av dei søkte vindkraftverka i regionen. Når det gjelder Guleslettene vindkraftverk, meiner Fylkesmannen det er positivt å konsentrere vindkraftutbygging i større og færre områder. Fylkeskommunen stiller seg positiv til dei tre prosjekta.

NVE har sett dei planlagde tiltaka i regionen i samanheng, men har valt å utsette vedtak om Bremangerlandet vindkraftverk til eit seinare tidspunkt.