Liten nedgang i byggekostnadene

Byggekostnadsindeksen for boliger minket 0,1 prosent fra april til mai i år. Materialkostnadene økte med 0,1 prosent i samme periode, melder SSB.

Den siste månaden minka byggjekostnadene for bustadblokker med 0,4 prosent, mens einebustader heldt seg uendra. I same periode auka materialkostnadene med 0,1 prosent for bustadblokker. For einebustader var det inga endring frå april til mai i år. Byggjekostnadene for bustader steig med 3,1 prosent siste året. Materialkostnadene auka med 2,2 prosent i same periode. Frå mai i fjor til mai i år steig kostnadene for røyrleggjararbeid mest for einebustader med 5,7 prosent. Tilsvarande auke for røyrleggjararbeid i bustadblokker var 5,3 prosent. Dei andre delindeksane auka mellom 0,7 og 4,4 prosent i same periode. Lønsstatistikk for 1. kvartal 2003 er teke inn i byggjekostnadsindeksen for mai og medverka til at arbeidskraftkostnadene for bustader auka med 0,6 prosent frå april til mai i år, avslutter SSB.