Færre inngrep i urørt natur
Det er gjort færre inngrep i inngrepsfri natur i perioden 1998-2003, enn tilfellet var i perioden 1994-1998. Men sjølv om inngrepa har vorte færre, blir det stadig mindre igjen av inngrepsfri natur i Noreg.
Denne artikkelen er over ti år gammel.
Det er vegbygging i jord- og skogbruket som må ta skulda for det meste av inngrepa. Om lag 638 kvadratkilometer inngrepsfritt areal gjekk tapt i perioden 1998-2003, mens det i perioden 1994-1998 gikk tapt noko meir. Dette syner ei kartlegging som Direktoratet for naturforvaltning (DN) har fått utarbeidd. Kartlegginga viser at av dei 638 kvadratkilometrane med inngrepsfritt areal (område som ligg meir enn ein kilometer unna tyngre tekniske inngrep) som gjekk tapt i perioden frå januar 1998 til januar 2003 sto vegbygging i jord- og skogbruket for om lag 80 prosent, medan vassdragsinngrep, energiproduksjon og energitransport sto for om lag 11 prosent. Tidlegare sto vassdragsinngrep, energiproduksjon og energitransport for svært mykje av bortfallet av inngrepsfri natur i Noreg, men i perioden 1998-2003 har denne sektoren på langt nær stått for like store inngrep som i perioden 1988-1994 og 1994-1998. Samla sett er det i Telemark, Sogn og Fjordane, Nord-Trøndelag og Nordland at størst areal inngrepsfri natur er blitt borte grunna vegbygging i jord- og skogbruket. Når det gjeld vassdragsinngrep, energiproduksjon og energitransport er det i Nordland, Møre og Romsdal og Hordaland at bortfallet er størst i perioden 1998-2003. Når det gjeld dei villmarksprega områda, som er områder som ligg meir enn fem kilometer i luftline frå næraste inngrep, vart det om lag 300 kvadratkilometer mindre av desse i femårs-perioden 1998-2003. Vegbygging i jord- og skogbruket sto for i overkant av 70 prosent av bortfallet, medan vassdragsinngrep, energiproduksjon og energitransport utgjorde her om lag 7 prosent av alt som gjekk tapt. Det aller meste av dette gjekk tapt i Møre og Romsdal. Til samanlikning gjekk det i perioden 1988-2003 tapt om lag 1730 kvadratkilometer slike område. Det tilsvarar omtrent arealet i Suldal kommune i Rogaland, eller om lag 4,4 prosent av det ein hadde i 1988. Sjå meir om statistikk for sektor og totalt bortfall her. Med bakgrunn i tilbakemelding frå brukarane av INON og dataeigarar, er datamaterialet for 1998 og 1988 samstundes vorte korrigert. Vi har difor no eit endå betre datagrunnlag for desse årstala. Korrigeringane kan for nokre område gje regionale utslag, men er ikkje så store at dei gjer merkbare utslag på tidlegare publiserte prosenttal, landet sett under eitt. Samstundes må vi og seie at vi for nokre få kommunar sin del er nøydde til å ta noko atterhald når det gjeld datagrunnlaget. Områder utan tyngre tekniske inngrep vert gjerne sett på som ein nasjonal naturarv. Storting og Regjering har fleire gongar dei siste åra sagt at det er viktig å ta vare på større område utan tekniske inngrep. Statlige, fylkeskommunale og kommunale myndigheiter har eit felles ansvar for dette. Miljøverndepartementet og Direktoratet for naturforvaltning vil syta for at informasjon om inngrepsfrie naturområde er tilgjengeleg for alle. Informasjon om, og kart over desse områda er tilgjengelig i ulike format på www.dirnat.no/inon. Her er også statistikk tilgjengeleg. Informasjon om lokale forhold kan ein få hos Fylkesmannen si miljøvernavdeling i dei ulike fylka. Eiga kartbasert innsynsløysing Samstundes med at DN legg fram status for inngrepsfri natur 2003, lanserar vi og ei eiga kartbasert innsynsløysning, etter same mal som Naturbase. DN opplever stadig større interesse for verktøyet inngrepsfri natur frå andre land, både i og utanfor Europa. Det er difor no laga ein engelsk versjon av innsynsløysinga.