Høgt tilsig og reduserte spotprisar

I veke 45 var tilsiget til dei norske kraftmagasina om lag to og ein halv gong det normale for veka. Dette førde til ein auke i magasinfyllinga på 1,8 prosentpoeng, slik at fyllingsgraden ved utgangen av veke 45 var 92,0 prosent.

I Sverige sokk magasinfyllinga med 0,5 prosentpoeng, slik at fyllingsgraden ved utgangen av veke 45 var 84,7 prosent. Høgt tilsig til kraftmagasina i Sør-Noreg førde til auka produksjonsvilje blant norske kraftprodusentar. Gjennomsnittsprisen på den nordiske kraftbørsen for veke 45 sokk til 209 kr/MWh, og dette er ein nedgang på 20 kr/MWh frå sist veke. Spesielt i Sør-Noreg var det høgt tilsig, og det var også her auken i produksjonen fann stad. I det nordnorske prisområdet (NO2) var tilsiga mykje lågare, og her fall også produksjonen. Reduksjonen i børsprisane gjorde at ein marknadspriskontrakt (spotpriskontrakt) med eit påslag på 2,5 øre/kWh gav ein pris til sluttbrukar på 28,6 øre/kWh i veke 45. Dette er heile 10,6 øre/kWh lågare enn gjennomsnittleg pris på standard variabel kontrakt hos dei dominerande kraftleverandørane for same veke. Samanliknar ein med dei 15 billigaste landsdekkjande leverandørane på Konkurransetilsynets prisoversikt, var ein marknadspriskontrakt 5,7 øre lågare enn desse.