Den desidert største byggeaktiviteten til Forsvarsbygg er knytta til den nye basen for F-35 kampfly på Ørland. Her er den daglege omsetninga på ti millionar kroner. Foto: Torbjørn Kjosvold, Forsvaret

Forsvarsbygg bygde for 3,5 milliardar i 2018

Forsvarsbygg fullførte 19 byggeprosjekt for Forsvaret i 2018.

Samla var investeringane på rundt 2,6 milliardar kroner. Det desidert største prosjektet er den nye basen for F-35 kampfly på Ørland med ein dagleg omsetning på ti millionar kroner.

- Byggeprosjekt for om lag 3,5 milliardar kroner blei gjennomført i 2018, til avtalt kvalitet og innanfor dei rammene som er gitt. Vi ferdigstilte 19 investeringsprosjekt, mellom anna nye befalsforlegningar i Rusta leir, vedlikeholdsbygg for nye kampfly og nye forlegninger for befal og verva på Ørland, skriv Thorbjørn Thoresen, direktør i Forsvarsbygg i årsrapporten.

I ei pressmelding skriv Forsvarsbygg at dei forvalta 13.012 bygg og anlegg over heile landet gjennom 1266 årsverk. Det vart investert for om lag 2,6 milliardar kroner.

- Vi hadde 365 aktive investeringsprosjekt i ulike fasar og 19 byggeprosjekt vart ferdigstilt. Med 4,1 millionar kvadratmeter forvalta bygningsmasse, og ei omsetning på 9,4 milliardar, er Forsvarsbygg den største offentlege eigedomsaktøren i landet, skriv Forsvarsbygg.

Effektiviserte forvaltninga med 99 millionar kroner

Innen utgangen av 2020 skal Forsvarsbygg effektivisere for ein kvart milliard kroner, for å frigjere midlar til høgere prioriterte oppgaver i forsvarssektoren.

- I år har vi gjennom ulike effektiviserings- og forbetringstiltak ytterligare redusert kostnadane våre med 99 millionar kroner, melder Forsvarsbygg.

302 millionar kroner ført attende til forsvarssektoren

Forsvarsbygg avhenda totalt 39 946 kvadratmeter gjennom riving, rydding og sal i 2018.

Det vart selt forsvarseigedom for 680 millionar kroner. Salet av grunnarealet på Flesland i Bergen for 426,5 millionar kroner, er det største salet Forsvarsbygg nokosinne har gjort.

- Sidan 2001 har vi avhenda over 2,9 millionar kvadratmeter eigedom som ikkje lenger er relevant å nytte for Forsvaret. Sal av eigedom har gjort at forsvarssektoren har fått attende rundt 5,1 milliardar kroner netto til høgare prioriterte oppgåver, skriv Forsvarsbygg.

4,1 millionar vitja festningane

4,1 millionar personer vitja ein av festningane til Forsvarsbygg i 2018 . Dette er ny rekord og ein auke på 300 000 frå 2018.

Driftskostnadar

Dei totale driftskostnadane til Forsvarsbygg i 2018 var 8,9 milliardar kroner. Vare- og tenestekjøp utgjorde 70 prosent av dette.